Foto: Svein Grødaland. Jag trivs best i öppna landskap
Foto: Svein Grødaland. Jag trivs best i öppna landskap

Tour de Melankolie

"Mann er manns gaman, heiter det i Håvamål"

Av: Svein Grødaland.

Slike turar må skje ute i naturen, gjerne på ei tid der det ikkje er for mykje folk ute. I slike stunder vil ein helst ikkje møta så mange. Vert det for mykje folk, vil den gode stemninga leggja seg over melankolien og leggja eit lok over tristessen. Når den gode stemninga er borte, dukkar tristessen opp att.

Det er slik at det tek tid å leva, tek tid å kjenna på kjenslene. Effektivitet, tidspress og underhaldning er dei store fiendane i vår tid. Og så mobiltelefonen. Den er med oss over alt.

Mann er manns gaman, heiter det i Håvamål. Håvamål vart laga i ei tid då folk hadde nok tid til å tenkja tankane sine. Etter periodar med underskot på kontakt med andre, kunne det gjera godt å møta eit medmenneske og veksla ord og tankar. I den tida var mann manns gaman.

I dag er det vanskeleg å få tid til å tenkja ei tankerekke til endes. Me har alt for mange kjelder til uro, ikkje minst det forumet eg skriv i nå.

Eg har mine turar i moll. (musikktoneart) Åleine. Då kjenner eg på kor godt det hadde vore å ha Ho der, kjenna på felleskapet. Dela nokre tankar. Når Ho er der, trengs det ikkje å seia så mykje. Då er me i lag om opplevingane.

Eg tek til å forstå at pensjonistar kan ha det travelt. Ikkje vil ha meir å gjera. Det tek meir tid å finna seg sjølv, å lengre tid å halda kontakt med sitt eige liv.

Eg er priviligert som har stor tomt. Den treng meir stell enn eg ofte har tid til. Det er fint. Praktisk arbeid er minst like god terapi som ein Tour de Melankolie. Poenget er å gjera alt i mitt tempo, utan press. Det der presset som er fienden.

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.  

Ikke glem

Ikkje gjera alt likt ...

Ikkje gjera alt likt …

Mann er manns gaman, heiter det i Håvamål. Mennesket er