Kva nå?
Illustrasjonsbilde: Lokal idyll med seglbåt og kyr på beite. (Privat foto).

Kva nå?

Media melder om panikk i den demokratiske leiren etter debatten mellom Biden og Trump.

Av: Svein Grødaland

Media melder om panikk i den demokratiske leiren etter debatten mellom Biden og Trump. Trump kom rimeleg bra frå det. Han veit at på TV er det framtoningen som gjeld, ikkje nødvendigvis kva som vert sagt. Trump kom ned på beina. Det er ikkje meldt om panikk i den republikanske leiren. Tvert imot.

Dersom eg var amerikanar, og attpåtil demokrat, ville eg gått inn for å samla inn dei politiske korta og dela ut på ny. Eg er ikkje amerikanar, har aldri vore i USA, og kjem neppe til å koma der.

Nå er tida inne til handlekraft. Biden har tapt kampen både på poeng og knock out. Med Biden som konkurrent, er Trump sikra å vinna.

Det manglar ikkje på åtvaringar. Trump kjem til å framstå som endå mindre demokratisk om han vinn. Han kjem til å ta hevn, vert det sagt. Eg er litt usikkert på kva og kven. Men han vil sikra seg hundre prosent lojale folk omkring seg? Det vil ikkje verta rom for kritikk og svik.

***

Donald Trump er sin eigen lause kanon i politikken. Han er impulsiv, seier det som tykkjest vera fornuftig der og då. Kjem han til å redusera engasjementet gjennom Nato? Kva med Ukraina? Han skal ha god kjemi med Putin frå si tid som president. Kva med Kina, kva med å sikra dollaren si dominerande stilling. Opprører mot vesten (BRICS) vinn terreng. Kva med Kina? Blokkaden av kinesiske varer?

Vil Europa føla seg meir frikobla frå USA med Trump som president? Vil Europa handla i panikk dersom Trump reduserer USA sin innsats i Ukraina?

***

Kva med demokratane? Eg har sett ei røyst som har prøvd å lansera Michelle Obama som presidentkandidat: Kanskje ikkje så dumt. Eller den uavhengige Robert Kennedy jr? Han er truleg for radikal for det amerikanske samfunnet.

Eller? Konstatera at Biden ikkje har den mentale kapasiteten som trengs for å vera president? -Og la visepresident Kamala Harris overta? Det fins prosedyrer for slikt i USA. Det vert sagt at ho har gjort lite av seg i sin periode som visepresident.

***

Uansett kva som skjer, vil dette verta ein gullalder for kommentatorar og synsarar av alle kategoriar. Emnet er utømeleg.

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.  

Ikke glem

Joe Biden trekker seg allerede denne helgen?

Joe Biden trekker seg allerede denne helgen?

Joe Biden har tidligere sagt at han skal fortsette inntil
Trump velger James David Vance som visepresidentkandidat

Trump velger James David Vance som visepresidentkandidat

48 timer etter å ha blitt skutt ...