...
Demokrati i utlandet.
Foto: Fotlandsfossen

Demokrati i utlandet

"Politikarane skal vera folkevalde, ikkje partivalde"

Av: Svein Grødaland.

Det britiske valget i går hadde nokre interessante detaljer. Ein var at tidlegare statminster Lizz Truss mista plassen i parlamentet. Ho fekk fylgje med fleire konservative regjeringsmedlemmer. Det er det britiske systemet med einmannskretsar som gjer dette mogleg. I Norge ville slike personar blitt skjerma av partiet og plassert på sikker plass på ei liste. Så kan ein spørja seg kva som mest demokratisk.

Misnøyen med systemet aukar. Folk vil heller ha tilsvarande vårt system med mandat i forhold til oppslutning. Einmannskrinsane favoriserer dei store partia. Eit stykke på veg. Den utstøytte partileiaren Jeremy Corbyn sikra seg plass i parlamentet. Den lokale labourkandidaten måtte bita i graset overfor Corbyn.

Eit anna trekk ved dette valget, er at småpartia vinn terreng. Det kan tolkast som misnøye både med Labour og dei konservative.

Når eg ser på alt dette, er eg ikkje fullt så sikker på om vårt system er bedre i eitt og alt. Når mange nok av oss veljarar har lyst til å gje ein topp politikar reisepass, burde me fått lov til det. Dei vert skjerma av partiet sitt. Hadde Støre eller Solberg vunne eit valg dersom dei skulle stilla i einmannskrins? Det er ikkje bra når ein politikar sit alt for trygt i stolen. Då kan han legg gløyma kvifor han sit der.

***

Også i USA skjer det interessante ting. Deler av kapitalen har gitt klar beskjed: Me trekker den økonomiske støtta til det demokratiske partiet så lenge Biden er kandidat. Det er klar tale, med makt bak.

Det reiser spørsmålet: Kor demokratisk er det største landet i verda? Kven sit med makta? Det er tre svar: Dei to politiske partia, eller veljarane på valgdagen, eller partia?

Partiet er makteslause. Dei kan ikkje fjerna ein kandidat dersom han nektar å gå. Som Biden. Den som kan tvinga Biden til å gå, er pengemakta.

***

Demokrati er ein prosess, ikkje ein tilstand. Demokrati er å arbeida for meir demokrati, meir makt til folket. Ordet demokrati betyr som kjent folkestyre. Vårt eige land har ein viss grad av demokrati. Hjå oss er det partia som har kontrollen. Har partiet sett ein person på topp, på såkalla sikker plass, kjem vedkomande inn. Kor demokratisk er det, dersom folk helst ikkje vil ha denne personen på topp? Før kunne me både stryka og kumulera på dei lokale listene til kommunestyret. Retten til å stryka vart fjerna. Nedtur for demokratiet.

Denne retten burde me hatt både til Storting og fylkesting. Politikarane skal vera folkevalde, ikkje partivalde.

***

Frankrike er eit kapittel for seg. Nå seglar høgresida opp og trugar gamle posisjonar. Macron sitt parti taper terreng. Protestbølga er nasjonalistisk, får me høyra. Mot unødvendig innvandring. Sett på bakgrunn av situasjonen både i Frankrike og andre land, er aukande oppsluting forståeleg. Innvandring som ikkje let seg integrera, vil alltid vera eit problem. Eg trur den tida er slutt, då folk kan vri seg unna debatten med å seia at slike synspunkt er uverdige.

Loading

Siste fra Blog

Hva bomber USA, Atom eller Olje?

Joe Biden holder mediene og verdenssamfunnet i utenfor ved å fortelle at diskusjoner vedrørende Israels svar vil være private og ikke vil bli kommunisert til media. Til tross for at Teheran har

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.  

Ikke glem

Tysk domstol opphever midlertidig forbud mot Compact Magazine

Tysk domstol opphever midlertidig forbud mot Compact Magazine

Domstolen har bestemt at magasinet kan fortsette å publisere under
Søstrene Moderniteten og den Hellige Kua Demokratiet

Søstrene Moderniteten og den Hellige Kua Demokratiet

Et innlegg avvist av iNyheter under dekke av: sitat Lurås