Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Drapet på Charlie Kirk er i ferd med å bli eit svært viktig, politisk vasskilje – og slike vasskilje krev gode, politiske analyser.
Først: Kvifor var Kirk og Turning Point USA viktig? Dei var viktige avdi dei skapte ei ny, politisk masserørsle i USA som mobiliserte unge, konservative veljarar.
Dette er ein viktig funksjon. Media, annonsering og liknande er politikkens flyvåpen. Men skal du vinna val i USA, treng du det politiske infanteriet. Du treng dei kontaktane rundt på vidaregåande skular og universitet som Turning Point USA skaffa – og som Kirk samla til konferansar. Berre slik kan sigrane til det politiske flyvåpenet materialisera seg som mobiliserte veljarar. Og i ei raskt skiftande medieverd treng du også dei nye, konservative røystene som Kirk og den alternative høgresida har dyrka fram.
Kirk kom som attenåring ut av restane av «Tea Party»-rørsla. Men han kom med noko nytt. USA er kulturelt dominert frå kystane – med sentrene for underhaldning, utdanning og liknande lokalisert lang den sekulære aust- og vestkysten. Kirk hadde ein tydeleg bodskap om at trua låg i botnen for den ideologiske konservatismen hans. Denne bodskapen fenga ein generasjon av unge, kristne amerikanarar som kjende seg framandgjorte i woke-Amerika. Kulturkrigen tok ei ny vending – som organiserte høgresida samtidig som denne organiseringa endra det republikanske partiet. Bush og Cheney ut – Trump og Kirk inn. I tillegg var denne plattforma for rørsla sjølvforsterkande – avdi sekulær, «progressiv» liberalisme i USA no har kome til det stadiet der dei arrogant nektar å diskutera med religiøse posisjonar – og kun avgrensar seg til den hykleriske framvisinga av religion som trengst for å ikkje tapa val.
Men det er slett ikkje sikkert at det er denne kulturkrigen som var motivet bak drapet – tvert imot er det litt som i «Mord på Orientekspressen»: Det finst ganske mange som hadde motiv for å ta livet av Kirk – som var både elska, frykta og hata på ulike stader i det politiske landskapet i USA.
Kirk var også sentr alt plassert i ein av dei viktige kløftene i det konservative USA: Kløfta mellom delar av «MAGA»-rørsla og sionistane på amerikansk høgrefløy. Denne kløfta har opna seg over tid. Allereide då Candace Owens fekk fyken frå «The Wire» våren 2024 byrja dette å bli synleg – og ting har ikkje blitt betre sidan då. Sentrale MAGA-namn som Tucker Carlson og Marjorie Taylor Greene har i tida etterpå blitt svært synleg kritiske til Israels krig i Gaza – og til lobbyens rolle i amerikansk politikk. Og i denne administrasjonen.
Dette toppa seg rett før sommaren – som då Tucker Carlson heldt ein svært frispråkleg tale på TPUSA sin konferanse i Florida. Og ikkje minst då Trump gav Israel veslefingeren i samband med åtaket på Iran.
I denne pågåande kløyvinga av amerikansk høgre hadde Charlie Kirk ei nøkkelrolle – ei nøkkelrolle han brukte til å gje talarstol til folk som Tucker Carlson. Og no sivar det ut at dette vekte angst i den israelske leiinga – som freista å testa ut Kirk gjennom å lansera nye prosjekt.
I denne situasjonen byrjar det – nær sagt som vanleg – å dukka opp merkelege, lause endar og vridde leidetrådar i etterforskinga etter drapet på Kirk.
Mitt råd i situasjonen er å vera audmjuk andsynes det faktum at det er mykje vi ikkje kan og veit – og at saka har fleire sider enn dei som først ber i auga. Sidan USA er ei svært viktig makt globalt, er sjølvsagt drapet på Charlie Kirk ei viktig politisk hending. Det blir ikkje mindre viktig om det blir hengande att tvil og uoppklarte spørsmål etter drapsetterforskinga.
At statsministeren i den staten som mest openlyst skryt av si evne til å drepa politiske leiarar går ut på x med videoar der han indignert hevdar at «vi drap ikkje Charlie Kirk» provar sjølvsagt ingenting – men gjer berre saka enno meir spesiell. Og minnar litt om Nixons «I am not a crook».