Fra gamle teksttradisjonar til ein ny religion – spørsmålet om korleis Koranen og islam blei til, illustrert med ChatGPT.
Fra gamle teksttradisjonar til ein ny religion – spørsmålet om korleis Koranen og islam blei til, illustrert med ChatGPT.

Korleis blei Koranen og islam til?

Var «Muhammed» opphavleg ein tittel?

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Av Marie Rørvik

Document publiserte i 2021 mine to artiklar om korleis islam kan ha blitt til. Forskinga held fram, og kanskje nærmar dei seg noko meir presist.

YouTube-kanalen EVENTS-&-HISTORY tar for seg mykje av det som skjer utanfor etablerte institusjonar. Dr. Jay Smith er sentral i dette arbeidet. Han samtalar med bl.a. Odon La Fontaine, Mel frå Irland og den anonyme jødiske Joe frå Tyskland. Forskingapeikar klart i retning av at både Koranen og Muhammed er oppdikta, men basert på eksisterande tradisjonar. Vi som har lest Koranen med ope blikk, ser at islam ikkje kan ha sitt opphav i noko guddommeleg. Bibelske namn er gjennomgåande, mens Muhammed er nemnt fire gonger – truleg då som ein tittel.

Koranens eigentlege opphav? Ei framstilling av Odon Lafontaine.

Den tradisjonelle islamske forteljinga seier at Gud openberra Koranen til profeten Muhammed over ein periode på om lag 23 år. Etter Muhammeds død vart openberringane samla til den boka muslimar i dag kjenner som Koranen.

Den franske forskaren Odon Lafontaine tar utgangspunkt i språklege analysar og teksthistoriske observasjonar og skisserer ein modell der Koranen vaks fram gradvis gjennom omsetjing, undervisning og redaksjonelt arbeid. Her er hans framstilling:

Eit viktig utgangspunkt for Lafontaine er dei eldste kjende koranmanuskripta. Fleire av desse skil seg frå den seinare standardteksten.Særleg interessant er manuskriptet frå Sana’a i Jemen. Det er eit pergament der den opphavlege teksten vart skrapa bort slik at pergamentet kunne brukast på nytt. Med moderne teknologi har forskarar kunna lese både den opphavlege og den seinare teksten. Dei to tekstlaga inneheld fleire skilnader.

Dei eldste manuskripta er dessutan skrivne med det som blir kalla scriptio defectiva. Bokstavane manglar dei prikkane og vokalteikna som i dag skil mange arabiske ord frå kvarandre. Lesaren måtte kjenne teksten godt for å vite korleis han skulle lesast.

Ifølge Lafontaine peikar dette mot at tekstane ikkje opphavleg var utforma som ei ferdig heilag bok, men var arbeidsdokument skrivne for personar som alt kjende innhaldet. Lafontaine meiner at opphavet til Koranen må søkjast i judeo-nasarenske miljø i Midtausten. Desse gruppene bygde på jødisk og kristen tradisjon og nytta bibelske tekstar i undervisning og gudsteneste.

Då dei ønskte å nå arabisktalande folkegrupper, vart delar av dette materialet omsett til arabisk. Etter Lafontaine si vurdering oppstod det slik eit arabisk leksjonarium – ei samling tekstar som var meinte for opplesing og undervisning.

Han meiner at ordet Qur’an opphavleg viste til ei slik samling av opplesingstekstar, ikkje til ei ferdig bok.Lærarar og predikantar brukte desse tekstane i undervisninga. Dei skreiv eigne notat, forklaringar og stikkord som hjelp til forkynninga. Desse notata var personlege arbeidsdokument og trong derfor ikkje fullstendig skrivemåte.Lafontaine meiner at mykje av dette arbeidsmaterialet seinare vart samla inn og redigert.Når ulike notat og tekstutkast blir sette saman, kan det forklare kvifor enkelte delar av Koranen skiftar tema brått eller inneheld formuleringar som liknar praktiske instruksjonar snarare enn sjølve bodskapen.

Etter kvart vaks det fram behov for éin autoritativ tekst. Dei ulike teksttradisjonane vart redigerte saman til ei samla bok. Først seinarefekk denne boka status som den endelege Koranen.

Lafontain understrekar at ingen av desse observasjonane åleine er bevis nok. Det er summen av dei som etter hans syn peikar mot ei gradvis utvikling.

Tilleggsopplysning: I motsetning til Bibelen har Koranen berre eitt kapittel av 114 med ein samanhangande historie. Som Lafontaine seier, får vi inntrykk av at målgruppa for tekstane er kjend med materialet frå før. Dette kan vi merka ved å lesa den norske Koranen.

Var «Muhammed» opphavleg ein tittel?

Det er fleire av dei uavhengige forskarane som hevdar at ord som liknar på Muhammed var i bruk lenge før profeten Muhammed skal ha levd. Orda skal ha hatt tydingar som «den lovpriste», «den velsigna» eller «den etterlengta», og skal opphavleg ha vore titlar – ikkje personnamn.

Ifølgje denne teorien fanst ordforma først i ugarittisk omkring 1400 f.Kr. Seinare skal den ha kome inn i hebraisk og blitt brukt fleire gonger i Det gamle testamentet. Eit mykje omtalt døme er Høgsongen 5,16, der det hebraiske ordet maḥmadim vanlegvis blir omsett med «herleg», «elskeleg» eller «etterlengta». Fleire meiner at dette ordet er språkleg i slekt med Muhammed. Ei ordform som likna Muhammed, kan ha blitt brukt som ein heiderstittel for Jesus – «den lovpriste» eller «den salva».

Også jødar skal ha brukt liknande titlar. Som døme blir det vist til ei jødisk innskrift frå 500-talet i området som i dag er Jemen. Der skal ordet Maḥmūd, som tyder «den lovpriste», vera brukt. Seinare skal jødiske leiarar i Mesopotamia òg ha sett slike titlar framfor namna sine.Hovudpoenget at Muhammed, Maḥmūd og beslekta ord alt var kjende i arabisk, arameisk og hebraisk. Dei kunne fungera som heiderstitlar knytte til kjærleik, autoritet og truverde. Kristne skal ha brukt tittelen om Jesus som den komande Messias, medan jødar kunne bruka den om Messias som dei venta på.

Kven skapte det islamske narrativet?

Det blir m.a. vist til John av Damaskus, som omkring år 730 omtala trua til dei arabiske erobrarane som «ismaelittane sitt kjetteri». Dette blir tolka som eit teikn på at dei enno ikkje blei oppfatta som ei eiga gruppe kalla muslimar. Teorien går dermed ut på at dei tidlege arabiske erobrarane kan ha vore kristne med ei ikkje-ortodoks kristendomsforståing. Nokon meiner at også jødiske stammer, som ikkje aksepterte trua på Jesus som frelsar og Guds son, kan ha vore med på å etablera denne ideologien. Det er nokså sikkert at det ikkje starta i Mekka og Medina, men i byar med etablerte undervisningsinstitusjonar som Damaskus, Bagdad og Jerusalem. Umayyadene var dei første som utvikla tankegodset. Det blei langt meir valdeleg frå ca. år 750 med abassidene og deira aggressive okkupasjonsmakt.

Slik ser Mel og Smith ut til å rekonstruera utviklinga:

  1. Arabiske og syriske kristne brukte eit ord som tydde «den lovpriste».
  2. Ordet blei knytt til Jesus som Messias og Guds sendebod.
  3. Dei arabiske herskarane tok tittelen inn i innskrifter og politisk-religiøse slagord.
  4. Under kalifen Abd al-Malik, mot slutten av 600-talet, fekk uttrykket ei tydelegare arabisk og sjølvstendig tyding.
  5. I løpet av 700- og 800-talet blei tittelen tolka som namnet på ein eigen profet.
  6. Dei seinare islamske biografiane gav denne profeten livssoga som i dag er den tradisjonelle forteljinga om Muhammed.

Mange spørsmål gjenstår

– Korleis har dei klart å dikta opp tusenvis av sider om «profeten» (Hadithene og Sira)?
– I kor stor grad har dei basert historiene på faktiske hendingar?
– Kven var dei som kunne gjera ein så valdeleg skikkelse til eit religiøst symbol?
   Jfr. gratisboka  The People vs Muhammad – Psychological Analysis – Archive.org
Den har eg, og den gir meining.

Så er det store spørsmålet: Kor mykje fakta skal til for at menneskeslekta skal blir fri frå dette destruktive tankeviruset?

Artiklar om temaet publisert i Document i 2021:

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.