Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Ein del av globalismen handlar om å produsera varer der det er billigast å gjera det. I praksis ein del land i Asia. Nå møter desse landa tollmurar på varer dei har produsert på vegne av amerikanske firma. Gevinsten ved å produsera der det er billigast slår nå tilbake på bedrifter som valde å setja ut produksjon til andre land. Den andre taparen er arbeidsfolk som har stått med lua i handa og sjå på at verdfulle arbeidplasser forsvinna ut av landet.
I USA har kretsen rundt Trump innsett at denne mekanismen er destruktiv for både nasjon og arbeidsfolk. Det er kapitalen som har tent mest på globalismen. Nå reagerer kapitalen sine tempel, børsane negativt. Dei ser sine papirverdiar forsvinna i det blå.
Media melder om kraftige fall på børsen etter at USA kunngjorde sitt toll-regime. Både i USA, Europa og Asia. Børsen er ikke anna enn eit barometer som tek den temperaturen på den globale økonomien. I praksis kor mykje store konsern klarer å grava til seg. Når nokre få maksimerer, må det etter min forstand vera andre som taper.
Litt fakta:
Det fins tre innsatsfaktorar for all menneskeleg aktivitet:
- Menneske til å gjera jobben
- Råvarer, materiell
- Nok kapital til å halda drifta gåande.
Børsen er ein fjerde faktor. Næringslivet klarer seg godt utan børsen. Det fins ei mengd små og mellomstore bedrifter som lever godt på utsida av børsen. Børsen er ein dagleg stemningsrapport over kapitalen sine utsikter til å grava til seg meir rikdom. Når me i tillegg tek omsyn til det faktum at det ikkje fins grunnlag for ubegrensa vekst i eit avgrensa rom; vår eigen jordklode, vert dette destruktivt. Sjølve vekstmytene er ikkje anna enn eit kollektivt sjølvbedrag, der økonomar og politikarar er mellom dei fremste emmissærane til inntekt for den trusretninga.
Dei største taparane i dette spelet er dei som gjer jobben og dei som leverer råvarene.
***
Børsverdiane vil alltid svinga i takt med kva aktørane ser for seg i framtida. Utsikter til gevinst sender verdien opp, sjølv om det ikkje er dekning i fakta.
Svingingane på børsen illustrerer det faktum at heile pengesystemet bygger på anvendt psykologi, ikkje på verkelege verdiar. Når papirverdiane vert større enn realverdiane, har me oppskrifta på eit økonomisk samanbrot. Pengar og verdipapir har ingen verdi i seg sjølv. Verdien er relativ, styrt av økonomane sine tankar om ei ukjend framtid. Heile greia er styrt av dogmet om vekst. Skulle me finna på å returnera til ein standard der me berre reknar med realverdiar, vil botnen falla ut av spekulasjonsverdiane og den økonomiske gigantomanien.
Les meir av Svein Grødaland på Uten Filter.