Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Eg har ikkje gode og eintydige kjelder for dette, berre ein mistanke, basert på ein teori eg fanga opp einkvan staden.
Ryktet handlar om at CIA med underavdelingar og liknande systematisk samlar opp informasjon om toppane i samfunnet. Også England og Israel har godt utbygde system for kontroll og kartlegging.
Dersom einkvan vert litt for sjølvstendig, og samstundes er aktuell for ein meir sentral posisjon i samfunnet, er ein slik drittpakke nok til å gjera vedkomande uaktuell.
Akkurat nå handlar det om Jørn Eggum. Han er svært aktuell som toppleiar for LO. Han har gjort ein feil, som neppe hadde kome opp dersom han ikkje hadde vore ein klar favoritt til vervet som leiar for LO.
Trond Giske vart utsett for noko liknande. Han vart for mektig, og ikkje minst litt for sjølvstendig til at det passa sentrale Ap-leiarar på den tida.
Toppane er sjølvsagt klar over dette. Derfor har statsministeren det eg kallar drittpakkekontroll overfor alle aktuelle kandidatar til ein statsrådpost. Men eg undrast på kva drittpakke dei underjordiske har klar for personar som Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre. Ingen er perfekt. Alle har sine svin på skogen, dei eldste og mest erfarne har truleg mest på seg frå dei underjordiske.
Eg er freista til å sitera den gamle Boka. Moralistane (farisearane) hadde teke ei kvinne i hor. Ulovleg sex. Dei venta spent på svaret frå Jesus. Han tenkte seg om, skreiv litt i sanden før svaret kom: Den som er utan synd, kan kasta den første steinen. Farisearane gjekk bort, dei eldste først. Det siste er viktig. Mengda av svin på skogen aukar med alderen.
Les meir av Svein Grødaland