Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Den anonyme profilen «Russisk Røykteppe» har i eit lengre innlegg på Facebook teke føre seg nettavisa Uten Filter og to av skribentane der, Pluto og Væringen.
Etter det som ser ut til å ha vore eit omfattande granskararbeid, har vedkomande kome fram til den oppsiktsvekkjande opplysninga at Væringen omset artiklar av den amerikanske politiske analytikaren Andrew Korybko.
Korleis ein har kome på sporet av dette, er ikkje godt å seia. Ei nærliggjande forklaring er at ein har lese det som står under overskriftene på artiklane, der både forfattar og omsetjar er oppgjevne.
Russisk Røykteppe har òg avdekt at Norgesdemokratane har medverka til finansieringa av Uten Filter. Kjeldegrunnlaget for denne avsløringa er mellom anna opplysningar som partiet sjølv har offentleggjort.
Så mykje for hemmeleghaldet.
Skuld ved assosiasjon
Det interessante ved innlegget er først og fremst argumentasjonsmetoden.
Russisk Røykteppe tek utgangspunkt i ei avsløring i svenske Dagens Nyheter. Derifrå vert lesaren ført gjennom ei rekkje utanlandske skribentar, publikasjonar og påståtte samband med russisk etterretning, før ein til slutt hamnar hos Uten Filter.
Innlegget vert avslutta med emneknaggane «hybridkrig» og «desinformasjon».
Lat oss leggja til grunn at alle opplysningane om dei utanlandske aktørane er rette. Kva følgjer av dette?
At ein norsk skribent omset artiklar av ein person som tidlegare har publisert i medium med samband til russiske interesser, er ikkje i seg sjølv prov på koordinert påverknadsverksemd.
I argumentasjonslæra er skuld ved assosiasjon eit velkjent fenomen. Ved å setja personar og institusjonar inn i ei rekkje av samband kan ein skapa mistanke utan å dokumentera at mistanken er grunngjeven.
Ein treng ikkje eingong setja fram ei uttrykkjeleg skulding. Det held å leggja til rette for at lesaren sjølv trekkjer den alvorlege slutninga.
Kvar er desinformasjonen?
Russisk Røykteppe har funne fram til minst 16 artiklar av Korybko hos Uten Filter. Ein skulle dermed ha eit godt grunnlag for å påvisa eventuell desinformasjon.
Likevel vert det ikkje påvist ei einaste konkret faktafeil i desse artiklane eller i føreorda til Væringen.
Vi får vita kven som har skrive artiklane, kven som har omsett dei, kvar forfattaren bur, og kvar han tidlegare har arbeidd.
Men kva er usant?
Desinformasjon inneber medviten villeiing. Omgrepet er ikkje eit synonym for politisk usemje eller avvikande geopolitiske vurderingar.
At ein påstand samsvarar med russiske interesser, gjer han ikkje nødvendigvis usann. På same måte vert han ikkje nødvendigvis sann dersom han samsvarar med amerikanske interesser.
Opphavet til ein påstand kan vera relevant for kjeldekritikken, men kan ikkje erstatta ei prøving av sjølve påstanden.
Den anonyme granskaren
Om Pluto og Væringen skriv Russisk Røykteppe:
«Hvem de er, vet vi fortsatt ikke.»
Det er noko komisk ved at ein anonym skribent finn det verdt å framheva anonymiteten til andre skribentar.
No skal ikkje Den Vrangvise lasta nokon for å skriva under pseudonym. Det finst mange gode grunnar til å gjera det, ikkje minst i ei tid då politiske ytringar kan få følgjer langt utanfor det offentlege ordskiftet.
Retten til å nytta pseudonym bør likevel gjelda alle, utan at dette i seg sjølv vert gjort til eit mistenkjeleg tilhøve.
Norgesdemokratane
Det er heller ingen løyndom at Norgesdemokratane har medverka økonomisk til etableringa av Uten Filter.
Her må ein likevel skilja mellom finansiering og redaksjonelt sjølvstende. Det avgjerande er ikkje berre kven som har finansiert ei avis, men kven som tek dei redaksjonelle avgjerdene.
Spørsmål om økonomiske tilhøve, politiske verv og kreditering av originalforfattarar kan vera legitime nok. Dei har likevel ingen openberr samanheng med påstandar om russisk desinformasjon.
Når røyken legg seg
Det er grunn til å vera merksam på framand påverknadsverksemd. Nettopp derfor bør ein stilla strenge krav til dokumentasjonen når slike spørsmål vert reiste.
Dersom ein kvar politisk analyse som samsvarar med interessene til ei framand makt, skal gjerast til eit tryggingspolitisk spørsmål, vert det snart lite att av det frie ordskiftet.
Den Vrangvise skulle gjerne ha sett at Russisk Røykteppe tok føre seg innhaldet i dei omtalte artiklane og synte lesarane kva som faktisk er usant eller villeiande.
Ein treng ikkje eingong vita kva Pluto og Væringen heiter for å gjera det.