Foto: Svein Grødaland. Nitti prosent av oss kjenner seg tiltrekt av det motsette kjønn.
Foto: Svein Grødaland. Nitti prosent av oss kjenner seg tiltrekt av det motsette kjønn.

Pride?

Juni er definert som pride-månaden. Det vart sutra litt over situasjonen for skeive i radioen (P1+ torsdag 6. juni). Det er alt for mange som ikkje anerkjenner homofilt, eller skeivt samliv. Det må vera lov for alle å ha ein å vera glad i. Til det siste vil eg seia. Det burde vera sjølvsagt.

Av: Svein Grødaland

Det er femti år sidan forbodet mot homofil praksis vart oppheva i Norge. Det er ennå dei som er skeptiske, av religiøse eller andre grunnar. Tida vil bidra til at desse kjem etter i si tid. Det kan til og med tenkjast at oppstyret rekrutterer ein del skeptikarar. Mange statar har forbod, til og med dødstraff for homofili. Desse får berre bekrefta sine fordommar ved å sjå på Pride-opptog.

Eg får snakka for meg sjølv. Eg forstår ikkje at det kan vera noko poeng å snakka om dusinvis av kjønn. Biologisk sett er det to kjønn, med nokre få unntak. Alt snakket om dei mange kjønn handlar ikkje om dei som er fødde med udefinerbart kjønnskarakteristikk.

Eg har sett døme på propagandaen som skal brukast i skulen. Den går mykje lenger enn godorda på NRK. Ungane får veta at dei sjølv må definera kva kjønn dei har, uavhengig av kromosom og ytre karakteristika.

Pride har rett i ein ting: Dei som faktisk kjenner på at den heteroseksuelle normen er problematisk, må få aksept for det. Dei må ikkje stemplast som unormale av den grunn. Det er sagt at tiendeparten kjenner seg framand i det heteroseksuelle universet. Det må me andre akseptera og helst respektera.

Det heiter at Pride arbeider for aksept og toleranse. Den som tviheld på at det berre er to kjønn, opplever ofte press i retning av å akseptera Pride-ideologien. Utestenging frå det offentlege rom, no platforming, vert brukt mot den som stiller spørsmål, som for forfattaren av Harry Potter, J.K. Rowling. Dette er døme på total mangel på toleranse og aksept frå Pride-miljøet si side.

Det er ei side til som er problematisk: Hormonell eller kirurgisk tilpasning til opplevd kjønn er problematisk. Pride vil setja dette i gang lenge før den det gjeld er klar over konsekvensane. Skulle dei angra, er det som er gjort irreversibelt. Mange opplever forvirring i ungdommen, vil gjerne ha vore gutt eller jente. Når ting fell til ro, er dei som regel glade for at det ikkje vart gjort noko.

Det siste frå den kanten er forslaget om å gje Pride ein offentleg flaggdag. Ikkje mange pressgrupper opplever slik anerkjenning. Det kan til og med verta ein solid nedtur for entusiastane om eit slikt forslag ikkje går gjennom.

Kampen for dei skeive si sak er ikkje vunnen før oppstyret har lagt seg. Så lenge me ser utagerande opptog og ditto meiningar, vil det skeive vera omstridd. Det er neppe i miljøet si interesse.

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.